View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 0x6D Vis innlegg
Jeg tror ikke det. Hva får deg til å tro at jeg tror det? Påstanden jeg støttet var at det ser ut til å være lettere å benytte koranen/Muhammed til dette enn bibelen/Jesus.
Vis hele sitatet...
I dag er det nok fleire som nyttar koranen, men du skal ikkje veldig langt tilbake i tid før kristne nytta bibelen for å rettferdiggjere handlinger heller, som myoxo nemner. Og sjølv den i dag i dag hevdar jo relativt mange kristne at homofili er galt, med grunnlag i bibelen. Og som myoxo nemde så finst buddhistisk ekstremisme, som vel ikkje akkurat støttar oppunder tanken din om kva som er lettast å nytte?
Sitat av 0x6D Vis innlegg
Det er tenkelig, og jeg håper det skjer. En av de store utfordringene er, som flere har påpekt, at koranen er guds ufeilbarlige ord, og Muhammed det perfekte eksempel.
Vis hele sitatet...
Det er ein god del kristne og som hevder bibelen er sann tvers igjennom.

Igjen - eg er totalt einig i at vi må bekjempe ekstremisme, men eg har ikkje heilt trua på å hevde at det spesifikt er islam som er problemet, og at verda hadde vore mykje betre utan den spesifikke religionen. Eg seier heller ikkje at den ikkje vert nytta som motivasjon av IS - for det vert den åpenbart, men eg trur samtidig at IS nok kunne brukt bibelen til samme føremål om dei tilfeldigvis var kristne.

Eg har enkelt og greit ikkje tru på å demonisere islam. Eg har meir tru på å demonisere terrorister og dogmatiske tullinger som ikkje evner å sjå nyanser, som ser på sitt som den einaste sanninga, og som drep uskuldige personer.