Tråd: Hjemmeran
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Tjodleif Vis innlegg
Enig!

Er det en ting som er veldig bra med USA så er det "Castle Law" de har i de fleste statene. Kort og greit betyr det at om uvedkommende tar seg inn i din private bolig ved hjelp av vold er du i din fulle rett til å lade med skarpt og skyte for å drepe.
Vis hele sitatet...
Du har lov til å bruke makt i Noreg for å stanse nokon som bryt seg inn. Skilnaden er at veldig få har skarpladde våpen liggande og slenge her, og at maktbruken må stå i forhold til trusselen.

Eg tippar resultatet av ei bevæpning av befolkinga blir ei bevæpning av innbrotstjuvar, og veit innbrotstjuvar at dei bokstaveleg tala risikerer å bli skotne er dei gjerne litt meir triggerhappy sjølv.

Om eg får velje vil eg helst foretrekke innbrot frå nokon som ikkje har andre våpen, og eg har ikkje lyst på våpen sjølv heller - rett og slett fordi det sannsynligvis er farligere.

Sannsynligvis kan argumentet mitt underbyggast med statistikk - i skandinavia (og europa generelt tipper eg) vil eg tru det er relativt få huseigarar som blir skotne av innbrotstjuvar. Om du stikk over dammen trur eg nok det er ein del fleire huseigarar som blir skotne av innbrotstjuvar.

Og eg kan kjøpe meg nytt hus. Men eg kan ikkje kjøpe meg nytt liv når eg ligg i kista.
Sitat av Tjodleif Vis innlegg
Når det kommer til straffer for slike og lignende handlinger er det helt klart at vi i Norge gjør noe galt. En mer effektiv løsning hadde kansje vært utvisning av landet på livstid og deportering til eget hjemland for soning.
Løser noe av problemet med avskrekkende straff og det fjerner de uønskede elementene fra samfunnet forøvrig.
Vis hele sitatet...
Straff er uinteressant med mindre dei blir tatt. Eg trur ikkje veldig mange av dei tjuveribandane vi har sett akkurat har lyst på fengsel - det er vel heller det at politiet i Noreg har lite effektive arbeidsmetoder mot dei, og at folk her er litt vel naive som gjer det attraktivt - ikkje straffenivået som sådan.

Meir etterforsking av slike saker, raskare behandling og samme straffenivå som i dag tipper eg vil ha betre effekt enn auka straff. For å kun auke straffa er ikkje så effektivt at det gjer noko mot kriminalitet. Eller har du lyst å forklare kvifor USA har meir kriminalitet enn så godt som samtlige europeiske land, men òg ekstremt strenge straffer og ekstremt stor andel av befolkinga i fengsel?