View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av Stearinlys Vis innlegg
Før måtte de si ofra 46 timer før de kom pr brev. Nå kan de komme på inspeksjon når de vil. Sålenge du har våpenkort så gir du politiet frie tøyler til å spasere inn i huset uanmeldt.
Vis hele sitatet...
Feil.

Frå våpenforskrifta av 1. juni 2021:

§ 11-6.Kontroll med oppbevaring i privat bustad

Politiet må sende førehandsvarsel før dei kan føre kontroll med oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i privat bustad. Førehandsvarselet må vere motteke av vedkomande løyvehavar minst 48 timar før kontrollen kan finne stad.

Politiet sin kontroll av oppbevaring i privat bustad skal berre skje på det eller dei stadar som løyvehavar syner fram som oppbevaringsstad for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Manglar det skytevåpen eller våpendelar på oppbevaringsstaden i høve til det som er registrert hos løyvehavar, skal vedkomande opplyse om kvar gjenstandane er, og gjevast ein kort frist til å syne fram dei aktuelle skytevåpen eller våpendelar for kontroll. (Uthevinga mi.)

Folk som plutseleg har fått politiet på døra, har fått dei der av andre årsaker, eksempelvis på grunn av mistanke om uregistrerte/ulovlege våpen. Mellom anna var det ein fyr som fekk besøk av uniformert politi fordi han prøvde å kjøpe magasin til Stengun på Finn, og ein eller annan fjott tipsa politiet. Fyren var berre samlar, men politiet tok med alle våpna hans. Han fekk dei til slutt tilbake - med riper.