View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av tipot Vis innlegg
Som du sikkert har skjønt så kreves det uhorvelige mengder is for å kjøle ned et helt badekar.
Vis hele sitatet...
Nei, eigentleg ikkje. Som myoxo nemde over krever det å smelte is 330 kJ/kg. Vatn har ein varmekapasitet på 4.2 kJ/kg, sånn omlag. Dvs. at å ta 1 kg vatn frå 12°C til 0°C krev sånn omlag 50 kJ.

Ein kilo is kan altså ta 6.5 kg vatn frå 12°C til 0°C, litt grovt rekna. 30-40 kg is bør gjere det samme med eit badekar med 200 liter.

40 kg is representerer i så måte 13.2 MJ som må fjernast for at det skal fryse. Ein kWh er som kjent 3.6 MJ, så rundt rekna 3.5kWh energi. Frysaren skal flytte den energien, ikkje tilføre den, så kor mykje straum du bruker vil avhenge av ting som temperatur rundt frysaren og kor god den er.

Men det er på ingen måte uhorvelige mengder is eller ekstremt store energimengder eller kostnader. Eg vil plassere det i kategorien upraktisk, og hadde neppe sett grunn til å gjere det sjølv, men om du gidd bruke ein tusenlapp på brukt fryser på finn til å ha i garasjen din, så tipper eg utslaget på straumrekninga blir rimeleg lite.