View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Kjøp utstyr laga for situasjonen, ikkje klatreutstyr!

Klatreutstyr er laga for å vere komfortabelt og sikkert i bruk, av folk som har tid til å sjekke at dei har fått på seg utstyret rett, og er trent i bruken av det.

Redningsutstyr er laga for å kunne takast på raskt, av folk som er redde, har dårleg tid, og aldri har prøvd det før. Difor har typisk redningsutstyr lettfatteleg brukanvisning, som er klistra på utstyret. Det er gjerne ikkje komfortabelt om du skal henge i det i ein halvtime, men det er neppe realistisk problem om du skal redde deg ut frå brann. Til gjengjeld er det fort sikrare om du er røska ut av søvnen av brannalarmen, har 200 i puls og er forvirra på grunn av brå oppvåkning.

Det sagt. Moderne blokker er rimeleg brannsikre. Er blokka frå dei siste tjue-tredve åra vil naboen si leilighet kunne brenne ut uten at du merker stort til det.
Sist endret av vidarlo; 30. august 2020 kl. 21:25. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.