View Single Post
27 år gammal no. Byrja å drikke når eg var 13-14. Utvikla først eit alvorleg alkoholproblem når eg var 17, men det ga seg heldigvis relativt fort. Når eg vart 25 gikk det over stokk og stein, og eg kunne lett drikke 3-4 flasker vin for kvelden. Det seie seg sjølv at 1 og 1/2 år med denne livstilen ikkje akkurat var spesielt gunstig. No har eg fått det sånn omtrent under kontroll. Drikk 4 flasker vin i uka. Håper på at dette skal bli mindre etterkvart. Har framleis eit problem, men har det nesten under kontroll no. Noko som jo er veldig greit.

(Beklager for den noko dårlege nynorsken - har nett bestemt meg for å begynne å skrive det igjen, etter 12-13 år med bokmål. Har litt startvanskar, for å seie det mildt. Men det kjem seg nok det og.)