View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er ikkje noko feil i ressonementet - men du har to ulike hensyn: du har økonomisk migrasjon, som handler om betre levekår, og du har flyktninger, som flykter akutt fare.

Økonomisk migrasjon vil ikkje løyse fattigdom. Tvert imot kan det føre til "brain drain" som kan forverre den økonomiske situasjonen for landet. For å løfte folk ut av fattigdom er det åpenbart at det beste er å hjelpe der folk alt bur. Folk i den kategorien har typisk bustad og sosialt nettverk, men låg levestandard og fattigdom. Tiltak som kan vere viktige er midlertidig migrasjon, t.d. utdanning ved vestlege universitet, for å bruke kunnskapen lokalt. Andre faktorer er t.d. stabil matforsyning og stabile politiske forhold.

Når det kjem til folk på flukt, t.d. frå Syria, så er det og ideelt å hjelpe så nær som mogeleg - men det er vanskelegare. Det er folk om har flykta, utan det sosiale nettverket sitt gjerne, og infrastrukturen i landet er gjerne ikkje-fungerande. Å ta imot flyktninger er rimeleg lett for eit industriland; vi har fungerande infrastruktur til å kunne busettje hundre tusen på relativt kort varsel - i motsetning til mykje av nærområda til Syria, som ikkje har dei ressursane.

I Noreg har vi hatt innvandringsstopp sidan 70-talet, så vi tek ikkje inn økonomiske migrantar. USA har gjort det gjennom t.d. green card lottery.
Sist endret av vidarlo; 18. mars 2017 kl. 13:40. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.