View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Forliksrådsdommer kan angripast på to måter:
1. Du kan ta ut søksmål ved domstolen. Då vert heile saka handsama på nytt.
2. Du kan anke over eit par ting, m.a. kostnadsfordelinga. Då vert kun det teke opp på nytt.

Andre måter finst ikkje for å angripe det på. Og det er eit alminneleg prinsipp i rettspleien; er eit forhold avgjort så er det avgjort, og du kan ikkje krevje omkamp - utover ved å bringe det opp for ein høgare domstol.

Hugs at rettssaker stortsett alltid oppstår fordi to parter er ueinige. Implisitt: begge meiner dei har rett. Om du kunne krevje omkamp ville jo det vore eit mekka for kverulanter!

No er jo kvaliteten på forliksråd eit tema som er oppe frå tid til anna, og di sak er gjerne eit eksempel på at kvaliteten er for dårleg - men det endrar ikkje at regelverket er slik det er, og du må betale rettsgebyret, sjølv om du er ueinig.