View Single Post
Eg skriv denne på madammen si oppfordring. Eg har sjølv aldri sett filmen.

Ho ser etter ein film kor skuggane (eller monster som er skuggar) drep folk, i ein slags herregard. Folk må holde seg i ljoset, for ikkje å døy. Det er ein som overlever. Og han fortsetter å bu i huset, på rein og skjer trass. (Han er blind, på grunn av at skuggane et augene hans. Det kan også vere at ljoset han brukte for å beskytte mot skuggane gjorde han blind.) Filmen sluttar med at han sit, gammal, i ein stol og skrik til tenarane sine at dei skal skifte lyspærer.

Det er ikkje "Vanishing on 7`th street", eller kva den heiter.

Vennligst hjelp, om så berre for husfreden