View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er forsåvidt ingenting nytt. Kreftbehandlinga har vorte gradvis betre dei siste femti åra. Vi har gått frå relativt grovmaska stråling, gjerne utført med radiumnåler, til langt meir avanserte avleveringsmetoder for stråling. No er vi komt ned på molekylnivå. Det gir større målretting, og altså mindre følgeskader.

Det samme gjeld cellegift; vi har gått frå relativt unyanserte midler til langt meir raffinerte og mindre omfattande giftstoff.

Så det er fortsettelse av ein langsiktig trend. Mange kreftformer har gått frå dødsdom til alvorleg sjukdom. Det er lett å gløyme kor lite leger hadde å stille opp med i 1930.