View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Beklager. Youtubevideoer utgår med skyhøge kneløft av mange grunner. M.a. at det er tidkrevjande å sjå, og vanskeleg å sitere.
Sitat av jnf Vis innlegg

Problemet er at mange som starter cannabisbehandlingen har allerede hatt utallige cellegiftbehandliger, noe som faktisk ødelegger kroppen.
Vis hele sitatet...
Igjen: SERIØST! Korleis forklarer du at overlevelsesratene for kreft har gåẗt drastisk opp på relativt kort tid? Ja, cellegift har massive bivirkninger, men kreft er stortsett dødeleg sjukdom. At cellegift og strålebehandling funker trur eg ikkje er spesielt mykje poeng i å diskutere. Som eg nevnte over har t.d. overlevingsrata for barneleukemi gått frå ~0% til >90% på grunn av moderne behandling.

Så lenge du påstår slike ting så er det umulig å ta deg seriøst. For det er så åpenbart at du har ikkje forsøkt å sette deg inn i forskninga; du har runka til youtubevideoer og pro-cannabiss-svada.

Du utviser null forståelse for prosessen bak evidensbasert medisin, og eg lurer på kor mange av dei forskningsartiklane du lenker til du faktisk har sett på - og forstått.

Den praksisen du preiker drep. Om mennesker som er sjuke høyrer på deg, vil dei døy. Kanskje heilt unødvendig. Det er faen ta ikkje ok!

Og for å verre klinkande klar: Eg er ikkje imot forskninga som vert gjort på cannabis som ledd i kreftbehandling. Tvert imot er det positivt, og som eg skreiv over så er mykje av det du lenker til sikkert god grunnforskning. Men skilnaden på at det har eit potensiale, og at det er testa i trials er gedigen. Vi veit lite om dose-respons, vi veit lite om bivirkninger, vi veit lite om gode medisinkombinasjoner, langtidsvirkninger, også viare. Det er og stor skilnad på å trykke ukjente mengder cannabis inn gapet, og håpe på effekt, og å ha ein faktisk medisin som har ein kjent dose av kjente stoffer.

Problemet er at du ignorerer at vi mangler svært mange brikker i puslespelet rundt kreft. Du later som om cannabis er vidunderkur. Det er det nesten garantert ikkje, fordi kreft er mange forskjellige sjukdommer, med individuelle forløp. Kan cannabis ha ein markant effekt? Ja, kvifor ikkje? Men det vil ikkje sei at vi er i mål med forskninga!
Sist endret av vidarlo; 17. februar 2017 kl. 08:16.