View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Komplekst spørsmål.

I utgangspunktet gjeld reklamasjonsrett. Garanti kan ha andre vilkår, som skal vere opplyste, men kan avgrense rettane dine i slike tilfeller.

Viare så kan det tenkast at kortet har vore skadd lenge, men ny firmware avdekker det, fordi oppførselen til firmware er endra. Det kan og vere tilfeldig at følgefeil av skjermen dukker opp omlag samtidig som firmware-oppdatering, t.d. utløyst av at firmwareoppdateringa kanskje har ført til litt meir langvarig CPU-bruk og meir varme enn vanleg bruk.

Så det kan tenkjast det er ein feil som skal dekkast under reklamasjonsrett, og det kan tenkjast det er ein feil som er følgje av at du har knust skjermen. Du får skrive ein sakleg e-post til seljar med informasjonen du har, og sjå kva du får til svar. Det er iallefall eit godt utgangspunkt. Ei munnleg avvising av nokon i kassa hadde ikkje eg gidda å forholde meg til.
Sist endret av vidarlo; 27. februar 2017 kl. 07:26. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.