View Single Post
Faren med alkohol er vel rett og slett at det er alkohol. Det riv og slit på leveren. Uansett kva ein skal tru. Eg har sjølv eit alkoholproblem som eg driv og får kontroll over. Men det er ikkje enkelt. Eg har drikke to flasker vin i kveld omlag. Og er framleis ikkje der eg vil vere. Det begynte med at eg ville døyve angsten min (har utallige angstlidingar) også berre balla det på seg. Det må sjølvsagt nemnast at eg, i den perioden kor eg begynte å drikke som verst, var i ein alvorleg dårleg periode (schizoaffektiv kombinert med helseangst) og trudde hjartet mitt kva tid som helst skulle stogge. Det einaste som la ein demper på nervane var alkohol. Etter denne perioden blei det eit problem. Eit alvorleg problem som eg no, fire år seinare, nesten har klart å få grep om. Men berre nesten. Mitt råd er å ta alkoholen til fest. Ellers ender du opp slik som meg, med grimme tanker når du ikkje har alkohol tilgjengeleg og flåsete tanker når du har alkohol tilgjengeleg.