View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av SinHazzard Vis innlegg
Det er da vel ikke relevant om ts vet hvordan plantene ser ut, når ble kunnskap straffbart?

Resten får retten svare på.
Vis hele sitatet...
Premisset her er at trådstartar, om eg har forstått han rett, meiner to ting:

1. Han har aldri røykt cannabis.
2. Han visste ingenting om at kompisen hadde eit lite drivhus med cannabisplanter i leilegheita han vart funnen av politiet i.

Han har allereie tilstått i avhøyr med politiet at han har røykt cannabis. Vi har altså plassert ein cannabisrøykar heime hjå ein som dyrkar cannabis i stor stil.

Sjølvsagt kan det vere relevant om cannabisrøykaren veit korleis plantene ser ut, dersom det er klart sannsynleg at trådstartar har sett plantene, og dermed ikkje berre tilfeldigvis har vore på feil stad.

Dette har altså ingenting med kva som er straffbart og ikkje, men om truverd, for det er snakk om to indisiar som styrkar kvarandre.