View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Med den inntekta kan du berre betale ned så fort du greier på alt untatt studielånet. 20% rente er høgt, men ikkje dramatisk på den lånestørrelsen og den inntekta du har. Du får neppe refinansiert det til veldig mykje lågare rente heller, utan sikkerhet for lånet.

Så be om betalingsutsettelse på studielånet (du får automatisk eit halvår om gangen, for inntil to år totalt utan grunn). Deretter betaler du ned noko ala 10-15000,- i månaden på det lånet med høgast rente. Betaler du ned 10000,- i månaden har du kvitta deg med 200k til 20% rente på drøyt to år, og du har betalt i overkant av 45k i renter. Det er dyrt, men når du har 750k i årsinntekt er ikkje det spesielt dramatisk gitt at du unngår meir gjeld.

Så eg hadde ikkje mista nattesøvnen av det.
Sist endret av vidarlo; 23. mars 2017 kl. 20:23. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.