View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Arex_x Vis innlegg
Hvorfor synes du det er en skremmende utvikling? Pga frykt for at politiet misbruker dette på noe slags vis?
Har det egentlig vært noen eksempler på det i Norge?
Vis hele sitatet...
Fordi stadig større del av livet vårt foregår i sporbare media. Den midlertidige samtalen er borte. Det som tidlegare var midlertidig har vorte permanent. Aktører som facebook og google sit på mykje informasjon om oss - som tidlegare ikkje eksisterte. Om du går på biblioteket og blar gjennom ting registrerer ingen kva du ser etter. Om du googler så vert det logga.

I 1960 var det ikkje mogeleg å finne ut kven eg kommuniserte med året før i ettertid. I dag er det nær sagt trivielt. Det er ein erosjon av personvern og privatliv.

Det, kombinert med at terskelen for overvaking frå myndigheitene si side systematisk har vorte dytta nedover, m.a. gjennom ymse varianter av datalagringsdirektivet er i sum skremmande.

Og ad misbruk. Ja, vi har sett det. Det viste Lund-kommisjonen veldig tydeleg.