View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Aller først: Lova seier ingenting om "foreldrerett" - det heiter foreldreansvar og er definert i Lov om barn og foreldre, § 30.

§ 30.Innhaldet i foreldreansvaret.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Har foreldra sams foreldreansvar, skal dei ta avgjerdene saman. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.

Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i vergemålsloven.
Vis hele sitatet...
Om gåver: Gåver er i utgangspunktet uproblematiske, men akkurat ein iPad kan bli problematisk, sidan treåringen sikkert vil bruke han altfor mykje, og det er fosterforeldra som må bli upopulære og sette grenser.

Viss de vil surne til forholdet mellom dykk sjølve, fosterforeldra og barnevernet, berre køyr på med eit sololøp. Eit langt meir fornuftig løp er å gå inn i dialog med fosterforeldra om kva barnet treng, så viser de både at de er modne og kan samarbeide. Kanskje synest også fosterforeldra at det er OK med ein iPad? I det lange løpet kjem alle til å tene på det, og alle har trass alt interesse av at det skal gå godt med barnet - sjølv om de synest at fosterforeldra og barnevernet er aldri så usympatiske.

Den beste gåva de kan gi til barnet er uansett å bli nyktre, ansvarlege vaksne som barnet kan vekse opp og bli stolt av.
Sist endret av BrageP; 30. september 2021 kl. 08:52.