Tråd: Hello World.
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Vi har vel alle skreve utallige varianter av Hello, World!. Eit av dei første kjende "Hello, world"-programmet vart skreve av den ikkje heilt ukjende Brian Kernighan, i C:

Kode

main() {
        printf("hello, world");
 }
Så enkelt kan det gjerast. Eller det kan gjerast endå enklare. Det kan kortast ned til ei linje i t.d python eller php - print "Hello, world". Eller du kan koke det ut til fleirfoldige linjer C som eit bidrag til IOCCC.

Vel. Der var almendanninga gjennomført, så la oss komme til poenget.

Den over tredve år gamle trelinjeren ovanfor kompilerer i dag. Men den er kjedeleg. Den er tre linjer. Og Hello, World er eit kulturelt innslag i programmeringsmiljø!

Men kvifor i alle dager skal vi halde oss til tre, eller ei linje? Det finst så mange måter å skrive ein enkel tekst på!

Oppgåva er enkelt og greit å skrive eit program, i eit valfritt språk som det finst tolkerar for, som skriv ut teksten. Dess fleire artige krumspring du tar, dess betre. Endå betre er det om det ikkje ser ut som om det printer Hello, World, men noko heilt anna. Andre ting? Kva om koden er formatert som ASCII-art utgåve av Hello, world?

Kort sagt. Lag eit program som gir utputten "hello, world". Den stringen. Ikkje linjeskift på slutten, ingenting anna. Dei 12 teikna.

Fristen for å komme med bidrag? 1. mars 00:00 enkelt og greitt. Dei beste bidraga vil bli plukka ut av meg og |d13m0b rimelig kjapt etter det

Vi ser fram til bidraga Dei kan postast her i tråden, sidan vi satser på at folk er ærlige nok til å ikkje kopiere direkte. Dessutan har vi falkeblikk! Så post i veg

Edit: vi kjører ioccc-style på reglane. Dvs at regelbrudd vil bli slått hardt ned på, men tøying av reglane, og leiting etter loopholes vil generelt sett telle positivt.
Sist endret av vidarlo; 16. februar 2009 kl. 17:41.