View Single Post
Eg gikk på valium ei stund. Fekk dei skrive ut av legen på grunn av alvorleg angst, og brukte dei berre ved angstanfall. Var på fest ein gong, og ein kompis av meg maste og maste om denne valiumen. Til slutt gav eg vekk eit par 4-5 av dei. Bytta dei mot nokre shots med Jack Daniels.

(Merk dykk - det kan vere eg hugsar feil på kor mange eg gav vekk. Eg var allereie ganske full).

Kvelden gikk som han gikk, og morgonen etterpå fekk eg melding med kompisen min kor det sto "Korleis kom eg meg heim i natt"? Han hugsa ingenting frå omlag (ifølge han) 15-20 minutt etter at han fekk valiumen til han vakna opp heime.