View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Mol er ei SI-eining som vert brukt i kjemien. Eit mol inneheld 6.022×10^23 av noko. 6.022×10^23 er også kjent som Avogadro-talet. Eit mol er ekstremt mykje. Til dømes inneheld alle menneske i verden tilsammen omlag eit mol celler. Og når ein då tenkjer på at eit menneske inneheld omlag 100000000000000000000000000000000 celler, så blir det ein del...

Så over til eit litt meir konkret eksempel:
http://imma.gr/1349.jpg
Her har vi eitt mol menneske (altså litt meir enn det finst i verda). Om vi slaktar og parterer dei, så kan vi få to mol armar. Av dei to mola med armar, kan vi så få 10 mol fingrar, eller 60.22×10^23 fingrar. Eit mol seier berre kor mange det er av noko!

Det virkelig interessante med mol er at eit mol av eit grunnstoff har samme vekt i gram som eit enkelt atom i u. Med andre ord veg eit mol ¹²C 12.00g! Når vi har denne definisjonen kan vi byrje å rekne med mol for alvor.

Men først eit par definisjonar:
  • n er tal mol av noko.
  • m er er mengda stoff vi har, i gram
  • M er molmassen til eit stoff, uttrykt i gram per mol, g/mol.

Dersom vi skal finne vekta av eit mol vassmolekyl, så blir det følgjande:
m(H2O)=2*1.0g/mol + 1*16.0g/mol = 18g/mol
Eit mol vatn veg mao. 18 gram. Du kan gjere det samme med Etanol, C2H5OH, og du skal då komme til ein masse på 46g/mol.

Då har vi vist følgjande formel i bruk: m=m1+m2···
n=m/M
Det er fordel om du kan enkel algebra, og kan snu desse etter behov.

Dersom vi veit kor mykje vi har av eit stoff, og vekta per mol til stoffet, kan vi finne kor mange mol vi har. Tenk deg at vi har 59.2g vatn:
n=59.2g/18g/mol=3.2888··· mol. 0.592dl vatn er altså 3.2888 mol.

Då har vi vist endå ein formel: n=m/M

Dersom vi fortset med vatn som eksempel, så tek vi ein litt annan vri på det.
Ut strekmannen over ser du at eit mol menneske har to mol armar, og 10 mol fingrar osb.

På samme måte så har eit mol vassmolekyl 2 mol hydrogen, og eit mol oksygen. I praksis førekjem ikkje hydrogen i atomær form; det er H2-molekyl. 2 mol hydrogenatom vil difor normalt danne eit mol H2-gass.

Balansering
Ofte veit ein at to stoff reagerer, og ein veit kor mykje ein har av kvart stoff, men ein veit ikkje kor mykje ein får. Då er balansering av likninger nyttig.
Tenk deg at du skal lage vatn. Då er reaksjonen:
2H+O -> H2O + energi
Imidlertid har du ikkje reint hydrogen eller oksygen, men du har H2 og O2. Det blir då H2+O2=H2O. Men der er jo åpenbart fleire molekyl oksygen på venstre side enn på høgreside. Tricket med balansering er å få like mange molekyl av kvart grunnstoff på begge sider. Då har du den faktiske reaksjonen som finn stad.

Eksempelet over er rimelig enkelt.
2 H2 + O2 -> 2 H2O
All balansering følger samme prinsippet: få det likt på begge sider.

Døme: Du har propan, og skal brenne denne. Kor mykje CO2 vert danna om du brenn 10,00kg propan? Reaksjonen er fylgjande:
C3H8 + O2 -> CO2 + H2O.
Balanser likninga og finn ut kor mange kg oksygen du treng, og kor mange kg co2 som blir skapt.
Du må begynne med å finne kor mange mol propan 10.00kg faktisk er. Det gjer du ved å snu litt på første formelen presentert her. Så må du balansere likninga, og finne ut kor mykje av kvar reaktant som går med.
Løysingsforslag: (klikk for stor utgåve)
http://imma.gr/1350.jpg
No kan du brått regne ut nøyaktig kor mykje av kvar ingrediens du skal ha i svartkrut, dersom du kjenner forbrenningsreaksjonen. Då kan du tilsette andre stoff, finne reaksjon, og finne nøyaktige mengder. Meget nyttig i pyro altså!

Og vær så snill: ikkje post ting av typen "Takk!!1111!!! KNALL!! Haha, tog du 'an". Det vil forsvinne. Diskusjon om emnet.
Sist endret av vidarlo; 5. mars 2017 kl. 13:20.