View Single Post
Anonym bruker
""
Generert avatar for denne anonyme brukeren
Trådstarter
Sitat av Clueless Vis innlegg

Ang legane sin kontrollfunksjon så er det ein jævla uting som vi gjerne skulle ha vore foruten. Før låg mykje ansvar for førerkortsaker til fylkesmannen, men dei brukte så mykje ressurser på det at dei fann ut at dei heller ville overføre det til fastlegane. Om vi hadde innvendingar var det ingen som spurte om. Eit anna eksempel er nye fråværsregler i vidergåande skule som dumpa ned i fanget på oss. Dårleg utnytt av fastlegeressursen... #offtopic #sutresutre
Vis hele sitatet...
Om du er misnøgd synst eg du skal freiste å gjere noko med situasjonen. Du kan t.d fremme forslag på neste klubbmøte, der du ber om at det retningslinene vert teke opp politisk. De kan argumentere med at de vert bedt om å gjere noko som potensielt bryt med den hippokratiske eden (ikkje gjere skade), og profesjonsetikken dykkar (§1-1, §1-2 og §1-9.) og samtstundes slenge på at det er heilt naudsynt å fjerne oppgåver frå fastlegane (jmf tidsbruksundersøkinga)

Nett no er det jo faktisk ein helseminister som kan tenkast å vere lydhør for forslag på dette feltet. Om det skal kome endring trur eg det må kome frå legane sjølv. FHN kan kanskje tenkast å ha noko gjennomslagskraft, men dei har ikkje tilgang på den juridiske og politiske kompetansen Legeforeningen sit på.