View Single Post
Trådstarter
31
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Dette er i følge politiet. Det er svært omdiskutert. Det bør vere openbert at ein ikkje er ein fare for trafikken dersom ein ikkje køyrer i rusa tilstand. Det er heller ingen automatikk i at ein sviktar i omsorgen dersom ein rusar seg eller er psykisk sjuk.

Det er derimot klart at faren for begge tinga aukar ved denne problematikken. Difor er eg heilt med på at ein bør freiste å førebygge dette. Eg trur ingen ønsker å vere til fare for andre eller å skade borna sine.

Eg veit derimot ikkje om sanksjonane ein risikerer ved å søke hjelp, faktisk hjelper mot dette. Det finst tydeligvis ingen retningsliner for kva tiltak som skal settast inn, og søker ein hjelp er ein plutseleg overgitt til eit ukjent og tilfeldig system, som kanskje hjelper, men kan hende og gjer alt mange ganger verre. Sidan eg ikkje veit, er eg redd det kun vil bli pisk.

Eg ser jo at det er eit viss rom for skjønn i retningslinjene vedrørande barnevernet, men det ser likevel ut til at det nær blir automatikk i bekymringsmelding om ein har ein kombinasjon av rusmiddelbruk og psykiatri (anna bekymringsverdig observasjon), heilt uavhenging om legen i det heile har møtt barnet eller kjenner til familiesituasjonen overhovudet. Dette blir for meg fullstendig søkt. Når det kjem til førerkort ser det ut som at førerkortet forsvinn i det ein innrømmer bruk, altså allereie før oppfølginga har starta, igjen heilt uavhengig om legen i det heile tatt veit noko som helst om pasienten sin bruk av bil. Kunne ein ikkje i det minste gitt personen ei veke eller to til å freiste å kome i behandling før ein byrjer å straffe?

Som eg skriv innledningsvis godtek eg at forholda kan vere grunn til bekymring, og at legen bør ha plikt til å ta det opp med pasient, men dette leddet ligg altså ikkje inne i rutinene. Ser ein til andre yrkesgrupper har t.d. lærar plikt til å ta opp bekymring med foreldre (med enkelt unntak) før ein melder til barnevernet. Kunne ikkje dette vore ein fornuftig middelvei?

Eg meiner legestanden ein jobb å gjere for å møte denne gruppa pasientar på ein forutsigbar, human og gjennomsiktig måte. Dette let seg gjere, men det krevst vilje og innsikt i problemstillingane.

Eg vil hevde det finst gode moglege sanksjonar som kan nyttast som motivasjon før ein går til steget med førarkortinndraging og melding til barnevern. Kva om ein for eksempel set opp ein ruskontrakt med den hjelpesøkande. Dersom ein avgir ein positiv rusprøve, kunne ein hatt ei rekke tiltak. Moglege tiltak kan vere tradisjonel psykiatrisk behandling med medikament og samtaleterapi (om ikkje det alt er sett i gang), å varsle pårørande, innlegging på psykiatrisk, varsel av arbeidsgjevar, deltaking i behandlingsgrupper, kontraktsfesta inndraging av førarkort eller nøkler (altså at ein ikkje går via fylkeslege), parterapi, foreldrekurs osb. Dersom hjelpetrengande ikkje følger opp den avtalte behandlinga, kan ein trappe opp alvorsgraden i sanksjonane. Sjølv om tiltaka kan virke inngripande, trur eg dei er betre egna for faktisk å hjelpe eit menneske, enn å sette i gang det som eg vil karakterisere som straff. (men som ikkje er det reint juridisk, om nokon vil kverulere)

Eg har i grunn òg forståing for at det eg skisserer over kan bli oppfatta som å gå utover det som er fastlegen sitt domene, men då stiller eg spørsmål med kvifor i alle dagar legane stilltiande har gått med på den kontrollfunksjonen dei har fått. (Eg har ikkje innblikk i kva legeforeninga driv med, så rett meg gjerne om eg tek feil.) Ønsker legane å hjelpe bør dei anten freiste å få til noko ala det eg skisserer, eller arbeide for at det vert oppretta andre institusjoner som kan ta seg av dette arbeidet.
Vis hele sitatet...
Du skriv mykje fornuftig og eg er heilt einig i at helsepersonell skal møte alle, også rusmisbrukerar, på ein human og respektfull måte. Eg ønsker ikkje å generalisere for mykje, som nemnt er det rom for skjønn og kva løysingar ein kan komme fram til vil nok variere ut i frå kva tilbod som er på dei forskjellige plassane. Å stille krav om negative prøver og ha klare konsekvenser ved positive prøver er vanleg, mtp førerkort kan ein då t.d. stille krav om at ein må ha reine prøver for å kunne køyre bil. Eg opplever å ha hatt godt samarbeid mellom familier og barnevern der ein har kome fram til gode avtaler. Her er det sikkert også store variasjoner frå kommune til kommune.

Ang legane sin kontrollfunksjon så er det ein jævla uting som vi gjerne skulle ha vore foruten. Før låg mykje ansvar for førerkortsaker til fylkesmannen, men dei brukte så mykje ressurser på det at dei fann ut at dei heller ville overføre det til fastlegane. Om vi hadde innvendingar var det ingen som spurte om. Eit anna eksempel er nye fråværsregler i vidergåande skule som dumpa ned i fanget på oss. Dårleg utnytt av fastlegeressursen... #offtopic #sutresutre