View Single Post
Trådstarter
31
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Det dreier seg her om ei erkjenning av misbruket og den psykiske sjukdommen sin natur. Er ein midt i dette har ein ikkje kontroll, og ein lyt ta innover seg at ein kan få tilbakefall. Som sagt kan gjerne eit kontrollregime vere med å hjelpe ein ut av dette, men nok ein gong, det er ein svært stor risiko basert på fenomena ein faktisk snakkar om og ein enkel risikokalkyle seier at dei potensielle godene her er ikkje er større enn den potensielle, skjønnsmessige (grøss), risikoen.

Det verkelege problemet er at dermed ikkje er rom for i det heile å ta saka opp med legen, og ein står aleine utan moglegheit for hjelp.

Eg håpar du tar innover deg problematikken, og ikkje forventer at misbrukarar og psykisk sjuke spontant blir kvitt problema sine berre ein piskar dei litt.
Vis hele sitatet...
Det er då ikkje snakk om pisking, eg berre gjer oppmerksom på at legen har lovverk og forskrifter å forholde seg til når det kjem til spørsmål om rus og førerkort/barnevern. Om ein ikkje kan ta det opp med legen at ein har eit rusproblem fordi ein risikerer å miste førerkortet så er det synd, men legen kan ikkje gi tommel opp til at ein person med pågåande rusproblem fortsetter å køyre bil.

Eg trur eg skjønner kor vanskeleg det er å stå i ein situasjon med rusmisbruk og psykisk sjukdom, om angsten river i deg så skjønner eg at ein lengter etter noko å roe seg på. Om nokon skal bli rusfri så må motivasjonen for å bli rusfri vere på plass, ellers er det lite sannsynleg at ein kjem i mål. Sanksjonære prøver får politi eller barnevern ta seg av, eg yter helsehjelp og hjelper dei som vil ha hjelp. Å gi litt slack når folk har det vanskeleg synes eg er rett, samtidig så må ein ha nokon faste avtaler for å unngå at det sklir heilt ut.
Sist endret av Clueless; 14. mars 2018 kl. 13:11.