View Single Post
Anonym bruker
""
Generert avatar for denne anonyme brukeren
Trådstarter
Sitat av Clueless Vis innlegg
Det som er kompliserende er dei situasjonane der det er barn eller førerkort involvert.
Vis hele sitatet...
Så kva er svaret? Kan ein misbrukar med barn og førarkort ta opp misbruket sitt med legen utan å hamne i eit statleg kontrollregime? Eg valde å la vere, då det for det første er umogleg å finne ut korleis eit slikt regime eigentlig er og kva som er konsekvensane om det feiler. Eit kontrollregime er kan hende eit måte å ta tak i problemet på, men litt av poenget med misbruk (og psykisk sjukdom) er jo at dette ikkje er noko ein har full kontroll over som individ, og då er det såpass risikabelt å overgje seg til eit utanomrettsleg sanksjonsapparat at oppegåande folk heller let vere.

Til informasjon tok eg kontakt med rustelefonen, advokat og fylkesmann (anonymt), utan at nokon kunne gje meg svar i det heile. Har verkeleg Legeforening godteke denne ordninga utan debatt eller protest? Kva synst du som lege om dette?