View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av sondriz Vis innlegg
Jeg er ikke helt sikker og får ikke sjekket det nå, men mener saken skal opp til behandling i Stortinget i april eller mai.
Vis hele sitatet...
Saksgangen i ei såpass omfattande sak vil stortsett vere at regjeringa først lager eit utkast som verdt sendt på høyring, på eige iniativ. Deretter kjem alle som vil med innspel og kommentarer til forslaget. Så går regjeringa gjennom det, og endrer sitt forslag, som så kjem til handsaming i den eller dei relevante komiteane på stortinget. Så vedtar eller avviser stortinget det, med eller utan endringer.

Imidlertid har regjeringspartiet Høgre gjort det klart tidlegare at dei ikkje har til hensikt å følgje opp merknaden. Dvs. at stortinget i så fall må pålegge regjeringa å lage eit lovforslag som går i den retninga, om stortinget ønsker at regjeringa skal gjere den jobben. Då må regjeringa lage lovforslaget, og sende det ut på høyring. Så vidt meg bekjent har ikkje stortinget bedt regjeringa om nettopp det.

FRP har og markert at dei er imot endringa. Som sikkert kjent er FRP partiet som har hatt justisministeren. Og det er neppe ei stor kampsak for nokon av dei andre regjeringspartia å trykke det gjennom.

Så nei, eg trur ikkje det kjem til Stortinget i april eller mai. Min spådom er at det ikkje kjem opp i stortinget i spesielt stor grad i inneverande periode.

Det er og eit alternativ til på bordet: regjeringa kan be politiet endre kurs, og gje midlar til behandling til helsevesenet. Det vil i utgangspunktet ikkje komme opp i stortinget i heile teke. Det kan t.d. skje gjennom rundskriv frå riksadvokaten om korleis politiet skal prioritere ulike sakstyper. Då vil lovverket vere slik det er i dag, men praksisen er at politiet ikkje tar tak i enkelte typer narkotikakriminalitet. Ettersom narkotika stortsett verdt anmeldt av politiet sjølv vil det stortsett sei at det i praksis vil verte avkriminalisert.
Sist endret av vidarlo; 24. mars 2018 kl. 17:23.