View Single Post
Ikkje faen, men kanskje nettopp derfor:


Vanskelig å vite
og vanskelig å seie
og kanskje nettopp derfor
sit eg
her med angsten
skjelvande i leveren
og skrik namn på namn
og ber i berg og dalar
at eg ikkje skal ha
kreft;
dette unenmnelige beistet
som står sterkt og jævlig
og kretsar kring skallen
min
og pissar meg i nakken
og
slår meg hardt i nakken og
i ryggen
og ønsker seg inn i kroppen min
så eg ikkje skal kjenne igjen beistet
og ikkje skal vite namnet
og ikkje skal vite noko som helst
anna enn desse orda
desse stega
denne vegen
vekk frå kreft-faenskap
tilbake til eit samfunn som
skrik meg
i øyret, kaldt og goldt,
aude og jævlig, kviskrar med
stygge ord at verda
ikkje går vidare
at dagen ikkje er nok
at dagen alltid går over
at dagen er over for vi
veit kva du er
kven du er
kvar du er,
sjølv om du har slitt deg laus
frå endelaus galskap, og jubelen
står deg i øyrene,
og redsla sparkar deg i skrittet
så ballane kryp inn under brystet
og brystet sprekk og spreng, høggravid
og jublande, leande, livredd, panisk
og skjelvande under ein naken himmel
som ikkje kan fortelle deg
noko som helst, men som kan sparke deg
nok ein gong i skrittet og styrte deg; hive
deg ut frå jubelen og vekk
frå gatene og spreng vekk
tankane og dagane som berre
kretsar kring dette
eine spørsmålet: har eg kreft,
har eg kreft,
har eg kreft?

Og ingen av svara
er gode svar
og alt du får av halvhjarta svar er
svar nok, sjølv om dei ikkje hjelp,
og alle dagane er mørke, sjølv om
det eine svaret hjalp,
og timane blir evig lange,
og dagane er slakta og slått
i hjel, og det ikkje er meir å hente,
for kreften står der og er der, og er
alt og ingenting, og lukta av di
eiga svette er nok til å fylle bankkontoen til
rike menn, og dei kan ikkje svare, dei kan
berre seie
at dagane er tomme
og nettene er hule,
og det er ikkje meir å hente,
verken her eller på facebook, eller
på twitter, eller i naken og skamlaus
søken etter svar under skjult himmel og pissredd
sol som ikkje kan fortelle, som ikkje
kan seie, som ikkje kan hjelpe eller
trøste eller bære, og
alt er over,
og natta er over,
og dagen er naken og du er naken
og eg er naken og kreften
vinn og slipp fram gjennom skjulte
kammer i skallen eller
ï brystkassa som blør
og skrik og
skjelv under
nakne veggar og nakne
fjell som veltar over deg
og over meg
og kvelar deg
og kvelar meg.