View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er tenkelig. Moderne filsystem skriv ikkje nødvendigvis over ting der dei ligg, men skriv alt på ein ny plass.

Måten å finne det på er ca. følgjande:
  1. Lag image av disken
  2. Finn ein signatur på filtypen du ønsker å finne, t.d. vil ofte første 3-4 bytes vere identiske i alle filer av ein gitt type
  3. Finn kjent lengde, evt. end of file-signatur for fila du er på jakt etter
  4. Søk gjennom diskimaget ditt etter startbytes, og test resultata

Om du ser etter kjente filformat som t.d. JPEG eller zip, så har program som recuva stortsett automatisert det for deg. Om du ser etter mindre kjente program kan det godt hende du må tilpasse ting sjølv. Det tar fort eit par dager.