Tråd: Liberalisme
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Problemet er at det er ikkje friheit for alle. Offentlege sikkerhetsnett innskrenkar mi friheit litt, i bytte mot at mange andre får radikalt auka frihet. Eg får litt mindre penger, medan mange andre får radikalt større friheit, til å m.a. ta den utdanninga dei vil. Du treng ikkje gå veldig langt tilbake i tid før utdanning ikkje var like tilgjengeleg.

Viare så lurer eg litt på kva du saknar. Du påstår det er som å leve i eit bur... Samtidig er det verdt å minne om at dei landa som har langt meir nattvekterstat enn Noreg, som t.d. Singapore og USA, har working poors - som har nær null friheit. Joda, på papiret. Men dei har ikkje penger. Eg har jobba med folk i Singapore som har eit par dollar i timen. Har dei friheit til å nyte den meir liberale staten? Kva med helseforsikring? Ville du prioritert å bruke halve inntekta di på det, om du hadde låg løn? Eller hadde du tatt sjansen på at det gikk bra?

Viare så er det slik at eg tener på at andre har det bra. Det gir større samfunsstabilitet, og mindre kriminalitet. Så av egoistiske årsaker er det gunstig for samfunnet at alle har til livsopphald.
Sist endret av vidarlo; 2. mai 2017 kl. 06:50. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.