View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Beklagelegvis har du ikkje kunnskapen til å underbygge interessa. For eksprimentet er i kategorien not even wrong. For det første. Karbonbindinger er svært stabile. Grafitt fordamper ved mange tusen grader - og ergo langt over den kinetiske energien du kan tilføre ved å bumpe eit vassmolekyl inn i karbonforbindelser. Viare vil jo karbonatom i fri tilstand vere relativt reaktive saker. Det er ein grunn til at kol brenn godt, for å sei det slik. Det vil mao. neppe overleve i fri tilstand i springvatn spesielt lenge.

Viare nevner du jo ikkje kva renna er laga av - det er digert raudt flagg. Anna raudt flagg er at du brukte springvatn, og ikkje f.eks. demineralisert vatn. Kva du ønsker å oppnå med rennande vatn er og litt uklart. Å "manuelt flytte atomer" framstår som litt sært og - atomer følgjer ikkje dei reglane vi ser i dagleglivet; dei er ikkje biljardkuler.

At atoma skulle ordne seg slik at straumen skulle få lettare veg å gå gir heller ikkje meining. Diamanter er rimeleg nær perfekte isolatorer (10^11-10^18 Ohm·m)...

Kort sagt: det er bra du er nysjerrig. Men du vil antakeleg få meir utbytte av fysikkinteressa di om du skaffer deg faktisk kunnskap om temaet, istadenfor å drøyme opp ting sjølv. T.d. er fysikk frå viaregåande eit godt utgangspunkt for å forstå meir på eigenhand. Har du ikkje det mangler du fundamentet.

Forøvrig har grafen mange interessante eigenskaper, men det er eit stykke derifra til at vi kan bruke det kommersielt i batteri og kondensatorer.