View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Signer NDA med dei som skal analysere det, som forbyr dei å snakke offentleg om det, eller utnytte det kommersielt.

Deretter snakker du med patentbyrå og får patentert framstillingsmetoden. Også bør du ha med deg kjemikere som kan hjelpe deg med å få patentert andre framstillingsmetoder, slik at ingen kjem i morgon med ein ny og enklare metode som ikkje er dekt av patentet ditt.

I tillegg er det jo svært interessant å vite kva eigenskaper du snakker om. Oddsen for at du enten tar feil, eller har oppdaga noko som er kjent, men uinteressant av ymse årsaker, er høg.