View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Tihi Vis innlegg
Jeg synes det er vanskelig å argumentere konkret ut i fra denne saken, da det etter min mening uten tvil er mye informasjon fra UDI sin side som vi ikke besitter - og at saken preges av et media som har sin interesse å fortelle en rørende historie som leserne engasjerer seg i.
Vis hele sitatet...
Ein kan diskutere det reelle. Staten er den soleklart mest ressurssterke parten her, og har i utgangspunktet all den tid dei ønsker på å avklare informasjonen før statsborgarskap vert innvilga. Er ikkje informasjonen tilfredsstillande står staten relativt fritt til å ikkje innvilge statsborgerskap.

Når staten då innvilger det er det ikkje heilt urimeleg at det kan trekkjast tilbake om søkjaren har villeia staten - innanfor visse rammer. Slike rammer er t.d. at det skal rettsleg handsamast, og at det har ein foreldingsfrist, at det etter t.d. 5 år er endeleg - uansett.

Det massive problemet i saka er at det er ei administrativ avgjerd, og at den kjem etter så lang tid. Uavhengig av kva informasjon UDI måtte sittje på så er det urimeleg. Andre straffbare handlinger vert forelda, så kvifor ikkje ha det prinsippet her og? Det er rimeleg ovanfor alle involverte - og staten, som den sterke part, må enkelt og greit akseptere at feil ikkje kan omgjerast.