View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av *pi Vis innlegg
Men de fleste som får kreft er relativt gamle, og noe skal man dø av. Man kan slik sett si at livet har ganske dårlige odds.
Vis hele sitatet...
I tillegg diagnostiserer vi alt i dag. Om ein nittiåring får kreft diagnostiserer vi kreften. Vi behandler den gjerne ikkje aktivt, på grunn av livskvalitet og generell almenntilstand, men vi stiller diagnosen.

I 1950 ville vedkommande nittiåring døydd av alderdom, og ingen diagnose ville nokonsinne vorte gjort.

Difor er det gjerne ikkje relevant å sjå på auke i diagnoser. Vi vert eldre, og vi stiller fleire (unyttige) diagnoser.

I tillegg er det fort gjort å gløyme kor langt vi har komt. For barnekreft har vi gått frå 10% til 90% overlevingsrate. I 1960 døydde 90%. I 2009 overlevde 90%.

Vi har gjort massive framsteg på veldig mange kreftformer. Men kreft er mange ulike sjukdomar med ein del fellestrekk, og ein del av dei har vi svært gode metoder mot. For andre former har vi langt dårlegare.
Sist endret av vidarlo; 19. mai 2019 kl. 23:17. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.