View Single Post
Sitat av Petterjfs Vis innlegg
Hei,
Universitetene jeg har snust litt på er: University of Cambridge, Harvard University facultet i kunst og forskning, Massachusetts Institute of Technology (MIT), University of Oxford, og Princeton University!
Vis hele sitatet...
Kudos for å satse høgt. Du listar forsåvidt opp nokre av dei absolutt beste universiteta i verda. Oddsen for å komme inn er ikkje stor, men om du verkelig vil er det berre å forsøke.

Eg kan ikkje så mykje om dei engelske skulane, så skal ikkje sei mykje om dei.
Når det kjem til dei amerikanske derimot, sitt eg med litt kunnskap. Noko av det første du bør merke deg, er at ein søknad til desse skulane er langt meir enn karakterane dine. Du må mellom anna skrive eit søknadsessay, som ofte kan telle meir enn karakterar. Dei ser i tillegg på erfaring, både med tanke på arbeid og livet generelt. Leder og ansvarsroller har og mykje å seie.

MIT sin søknadsguide for internasjonale elevar kan du finne her: http://mitadmissions.org/apply/international/howto

Du nevner Harvard, og meir spesifikt deira "Arts and Science" skule. Eit kjapt søk viser at dei ikkje tilbyr bachelor grader innanfor dette, men kun master og høgre. Om eg forstår deg rett er det først og fremst ei bachelor grad du ser etter. Harvard sine bachelor program, og korleis ein går fram for å søke på desse kan du lese meir om her: http://www.admissions.college.harvar...nal/index.html

Når det kjem til Princeton kan du finne meir informasjon her: http://www.princeton.edu/admission/a...onal_students/

Sjøl om ikkje skal få pepper for å satse høgt, så trur eg du bør tenke over om du kanskje bør satse på andre skular i stadenfor, både i Usa og England. Sjangsane for å komme inn på skulane som du nevner er svært, svært små.

Er du interessert i andre skoler vil eg anbefale www.sonor.no
Dei har god peiling på både England og Usa, og kan tilby mykje hjelp.

Sitat av nikita Vis innlegg

USA: Samme som over, men du må gjerne ta SAT. Du kan like gjerne begynne å øve til den nå. Jo mer du øver, jo bedre score. Ikke noe IQ eller noe inni bildet, rett og slett bare hvor hardt du gidder å jobbe med det. I tillegg bør du skaffe deg en deltidsjobb og ha sommerjobb. For det er dritt dyrt - og det er en stor egenandel som du IKKE får hverken lån eller stipend fra Lånekassen til å dekke.
Vis hele sitatet...

Såvidt eg kunne sjå var det berre Princeton som krevde SAT eller ACT test av skulane han nevnte, men mogleg eg tar feil.
Han får forøvrig støtte til å gå på desse skulane frå Lånekassa. Dei er på lista over skuler med tilleggstiped. ( http://www.lanekassen.no/Hovedmeny/S...an/Utland/usa/ )
TS: TOEFL må du nok ta for alle skulane du nevnte. Sjekk ut kor og kva for tider desse er tilgjengelig. Når eg tok min var det berre ei par plassar i landet ein kunne ta ein slik test, og kun på spesifikke datoar.