View Single Post
Tida kjem inn på scena no. Står litt fyrst
og nøler, ser nøye
på dørskiltet i huset (ein kulisse der på scena) for å vera viss
om rett stad, ringjer på

og eg opnar: Då
er Tida inne.

Sceneteppet
fell, det skin av måne og stjernetåke drys
frå teppet som er universets glødande botn

teppet glid opp att
og dér står den evige klovnen:
held eit skrikande nyfødd barn
på scena
medan Tida bøyer seg
for applaus. Så

er Tida ute.