View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Du har ikkje forsikring for å få ny telefon om den går i bakken. Sure, ein del innbu- og reiseforsikringer vil dekke slikt, med avkorting på grunn av alder, men det er den typen ting alle med to biler kan handtere på strak arm uansett. I verste fall kjøpe ein brukt telefon til ein tusenlapp eller to.

Forsikring lønner seg der risikoen er liten, men konsekvensen er stor. Typisk bilulukke. Sjansen er liten, men du risikerer erstatningsbeløp på titalls millioner om du har uflaks. Det vil vere fullstendig ruin for resten av livet for dei aller fleste av oss. Samme om huset ditt brenn ned. Då sit du der utan hus, men med boliggjeld.

Når det gjeld resten av spørsmåla må du nesten sjekke kva forsikringsavtalane dine dekker. Men å forsikre seg mot trivielle (og alminnelege) risikoer er både bortkasta og svært dyrt.