View Single Post
Hei, folkens!

Eg prøvar å få kopla min Altibox FMG (i bridge) via ein UniFi USG Pro på ein slik måte at eg kan få både Internett og IPTV ut på eitt LAN på baksida av USG-en.

Ethernet-portane på USG-en er kopla som fylgjer:

LAN1 (eth0): LAN
LAN2 (eth1): Inaktiv
WAN1 (eth2): Internett (eth4 frå FMG)
WAN2 (eth3): IPTV (eth1 frå FMG)

Eg har akivera IGMP Snooping i switch (USG PoE-switch).

Vidare så har eg prøvd å setje opp IGMP Proxy og anna naudsynt konfigurasjon for USG via fylgjande config.gateway.json-fil:

Kode

{	
	"interfaces": {
		"ethernet": {
			"eth0": {
				"address": "10.160.10.1/24",
				"description": "LAN",
				"duplex": "auto",
				"speed": "auto"
			},
			"eth2": {
				"address": "dhcp",
				"description": "Internet",
				"duplex": "auto",
				"firewall": {
					"in": {
						"name": "WAN_IN"
					},
					"local": {
						"name": "WAN_LOCAL"
					}
				},
				"mac": "XX:XX:XX:XX:XX:XX",
				"speed": "auto"
			},
			"eth3": {
				"address": "dhcp",
				"description": "IPTV",
				"dhcp-options": {
					"default-route": "no-update",
					"default-route-distance": "210",
					"name-server": "update"
				},
				"duplex": "auto",
				"speed": "auto"
			}
		},
		"loopback": {
			"lo": "''"
		}
	},
	"protocols": {
		"igmp-proxy": {
			"interface": {
				"eth0": {
					"alt-subnet": "172.21.0.0/16",
					"role": "downstream",
					"threshold": "1"
				},
				"eth3": {
					"alt-subnet": "172.21.0.0/16",
					"role": "upstream",
					"threshold": "1"
				}
			}
		},
		"static": {
			"route": {
				"0.0.0.0/0": {
					"next-hop": "YYY.YYY.YYY.YYY"
				},
				"172.21.0.0/16": {
					"next-hop": "192.168.10.1"
				}
			}	
		}
	},
	"service": {
		"nat": {
			"rule": {
				"5010": {
					"description": "masquerade for WAN",
					"destination": {
						"address": "0.0.0.0/0"
					},
					"outbound-interface": "eth2",
					"protocol": "all",
					"type": "masquerade"
				},
				"5015": {
					"description": "masquerade for IPTV",
					"destination": {
						"address": "172.21.0.0/16"
					},
					"outbound-interface": "eth3",
					"type": "masquerade"
				}
			}
		}
	}
}
XX:XX:XX:XX:XX:XX er MAC-adressa til FMG-en. YYY.YYY.YYY.YYY er standard gateway for FMG-en.

Ut frå alt eg har klara å finne ut etter mange timar med leiting på nettet så skulle dette ha fungert, men det gjer det ikkje...

Det som skjer er at når eg legg inn denne config.gateway.json-fila så går USG-en i ein såkalla "provisioning loop", og ingenting fungerer før eg slettar json-fila att.

Nokon idear om kva eg gjer feil?

Dette er kanskje eit dumt spørsmål, men må eg opne WAN2-porten på USG via UI eller ikkje? Viss ja så er eg noko uviss på kva innstillingar eg skal bruke her:



Som de ser så kan eg for "Load Balancing" velje "Failover only" eller "Weighted LB". Men dette vert vel noko feil, då det ikkje er load balancing WAN2 skal brukast til i det heile teke? Skal eg berre la vere å gjere noko her?

Eg vonar nokon har eitt og anna innspel her, eg skulle veldig gjerne fått dette til å fungere no...
Sist endret av Garegaupa; 10. juni 2019 kl. 13:16. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.