View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Rettsgebyret skal du i utgangspunktet betale på forskot, så kvifor det ikkje har skjedd er jo litt rart. Men uansett, du har ikkje ei sak her. Staten vil tvangsinndrive kravet, om du ikkje betaler. Alt du oppnår er at det kostar deg meir pengar.

Uansett så er fasiten at sakshandsamingsfeil ikkje fritek deg frå å betale rettsgebyret, men vil vere eit viktig moment i ein anke. At du ikkje anser saka som handsama i forliksrådet er mildt sagt irrelevant.

Frå lov om rettsgebyr:
§ 7.For behandling av en sak ved forliksrådet betales 1,15 ganger rettsgebyret selv om forliksklagen senere blir trukket tilbake eller avvist. Dersom samme sak bringes inn for forliksrådet på ny etter å ha vært behandlet i utenrettslig tvistenemnd som omhandlet i tvisteloven § 6-2 annet ledd bokstav c, betales ikke nytt gebyr.
Vis hele sitatet...
Saka har vore oppe, uomtvisteleg. At du ikkje er nøgd med resultatet er i så måte irrelevant.
Sist endret av vidarlo; 20. april 2021 kl. 13:46. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.