View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
For å illustrere kvifor densiteten er så interessant.



Eit vanleg AA-batteri har eit volum på ca. 7.7cm^3. Eg vog eit, og det klokker inn på 22.6g, eller 2.9g/cm^3. Det er tre ganger så tungt som vatn, og ganske massivt. Det er denslags vi er vandt til i dagleglivet - at tunge ting er tyngre enn vatn, men ikkje med meir enn 3-5 ganger.

Hadde batteriet vore massivt jern ville det klokka inn på ca. 50g. Eller nok til at du antakeleg hadde reagert på at det var tyngre enn forventa om du forsøkte å plukke det opp.

Om det var bly, hadde det klokka inn på 87 gram. Du hadde heilt klart vore overraska. Men gull! Ohboy. Det hadde klokka inn på over 150g. Og det hadde vore verdt 30-40000,-. Om du forsøkte å løfte det hadde du vorte sjokkert over kor tungt det var. Det ville skilt seg markant ut frå det du intuitivt forventer at ting skal vege, fordi det er så sjelden vi tar i ting med så høg densitet.