View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av A-tillah Vis innlegg
Hva skal vi gjøre a? Titte oss over skuldra hver gang vi går over gata?
Vis hele sitatet...
Slutte å konstruere stråmenn er jo eit greit utgangspunkt.

Eg nemde jo eit par tiltak, slik som etteretning. I tillegg ser vi jo at det å gjere angrep vanskelegare har ein effekt: 8 døde. Mot bombene i London for eit snaut tiår sidan, eller i Madrid.

Det vi ser no er einslige angrep, utført med små ressurser, og relativt små konsekvenser. Det er til gjengjeld langt vanskelegare å verne seg mot, ettersom dei bruker lett tilgjengelege middel, og ei aksjonsform som krev ca. 10 minutters planlegging.

Konkrete tiltak mot den typen angrep er jo betre separasjon av forsamlinger og biltrafikk. Vekk med ti centimeter høge fortauskanter, og få på plass meterhøgt autovern. Fjern biltrafikk i bykjerner. Innfør geofencing av hastighet på tunge køyrety. Følg opp ekstremister. Sørg for god nok integrering til at ekstremisme får dårlegare vilkår. God nok integrering til at innvandrarar har tillit til myndighetene.

Men litt av problemet er grunnleggande sett at det er ekstremt vanskelig å hindre ein motivert person i å ta livet av ei lita gruppe mennesker. Du kan bruke bil, kniv, pistol, eller ein håndgranat. Du kan angripe bussen, flyplassen, konserten, eller fortauet. Vi har i stor grad hindra angrep på "harde" mål. Så slik eg ser det må problemet løysast på to plan: gjere ein del typer angrep vanskelegare å gjennomføre - og samtidig sørge for at etteretning har best mogeleg sjans for å fange opp signal.

Når det kjem til etteretning så tipper eg at noko av det mest effektive vil vere infiltrasjon - som er dyrt. Og at britane difor vil ty til masseovervaking i stadenfor. Trafikkdata kan nok avsløre ein del, men for min del er eg usikker på om masseovervakinga er verdt det... Ei ulempe med det liberale demokratiet er jo at ein del av dei friheitene vi har kan brukast til dei som vil oss vondt.
Sist endret av vidarlo; 4. juni 2017 kl. 13:07.