Tråd: Privatleasing
View Single Post
Gyps africanus
vidarlo's Avatar
Sitat av epokee Vis innlegg
Ellers så er det virkelig på tide regjeringen strammer inn på reglene så andre ikke blir utsatt for samme feiltagelse.
Vis hele sitatet...
Hovudgrunnen til å foreta kredittsjekk er at det er betre med ein fugl i handa enn ti på taket. Å ha pengar uteståande har ein kostnad for ei bedrift. Det er i liten grad lovregulert plikt til å foreta ei kredittvurdering.

Etter finansavtaleloven har kredittyter plikt til å fråråde kreditt som kan vere vanskeleg å betale. Men leasing er ikkje kreditt etter finansavtaleloven sine regler. Det er ein forpliktande leigeavtale; ikkje kreditt.

Då er det faktisk opp til den som inngår avtalen å sørge for finansiering. Du er ansvarleg for eigne handlinger, og hovudregelen er at avtaler skal haldast. Alternativet, som du skisserer opp, er at vi får eit regelverk som hindrer slikt. Det vil imidlertid gjere det verre for alle andre.

Kort sagt er det vekting av personleg fridom opp mot formynderstat. Eller nattvektarstat opp mot nanny state, for å bruke to kjente begrep.