View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Generelt om whisky

Whisky er skotsk brennevin, laga av bygg eller mais. Maltwhisky er laga av malta bygg, medan grain whisky er whisky av andre ting enn bygg, slik som mais og kveite.

(Whiskey er stortsett brukt om irske og amerikanske maltbaserte brennevin)

Ein ekte skotsk whisky må tilfredstille følgande krav:
  1. Må vere destilert i Skottland, frå vatn og malta bygg, og alkoholen kun framstilt av gjær.
  2. Må vere destillert til mindre enn 94.8% for å behalde smaksstoff.
  3. Må vere modna på fat i minst 3 år.
  4. Kan kun tilsettjast karamel som farge, og vatn for uttynning.
  5. Kan ikkje tappast på flasker med mindre enn 40% sprit.

Maltwhisky er essensielt destillert øl. Prossessen for å lage malt, og gjæringa liknar mykje på den som blir brukt for øl, men det blir ikkje trykksatt for å få kullsyre, slik øl blir.

Malten blir ofte tørka ved hjelp av varm røyk, noko som gir ein karakteristisk røyksmak på whiskyen. Torv er mykje brukt brensel, og gir veldig karakteristisk smak.

Whiskyen blir så destillert i pot stills:
http://nff.bitsex.net/1297.jpg
(Desse er Glenfiddich sine)

Den destillerte whiskyen må altså vere under 94.8%, men ligg ofte mellom 60 og 80%. Dei fleste whiskyer blir destillert to ganger, med et par unntak som destillerer tre ganger. Det gjeld typisk i låglandet. Whiskyen blir så lagra på fat, tradisjonelt sett eikefat som før har vore brukt til å lagre sherry på. I nyare tid har også bourbon-fat vorte brukt. I lagringsprosessen forsvinn det 2-4% sprit årlig grunna fordamping. Det er den såkalla "Angels share".

Mørk farge på whiskyen indikerer at det er sherryfat som er brukt, men tilsetting av farge gjer at det er vanskelig å vite sikkert om det er lagra på sherry eller bourbonfat. Nydestillert whisky er uansett ei nesten heilt klar væske.

Ulike whiskytyper
Ein single malt er ein malt, frå eit destilleri. Som regel er den du finn på flaska samansett av ulike årgangar av den malten, frå forskjellige fat. Alderen angir den yngste whiskyen i flaska.

Ein single cask er whisky frå eit fat, ikkje blanda med whisky frå andre fat. Det er fint om ein vil leite etter forskjellar mellom ulike årgangar av whiskyar. Single cask er typisk litt dyrare enn single malt.

Ein blended/vatted malt whisky er blanda av ulike destilleri sine whiskyar. Det kan du enkelt gjere sjølv, ved å blande ulike whiskytypar. Det er relativt sjeldent i salg på vinmonopolet, men ein del spesialforretninger i Skottland blander for deg på forespørsel, eller kan skaffe blends.

Blended scotch whisky er blanding av grain- og maltwhisky.

Mine favoritter

Laphroaig - Ein klar favoritt.
Laphroaig whisky er rimelig fin whisky, som kjem i to varianter: quarter cask og 10y.o (andre alderar finst også, men er lite utbredt).
Quarter cask har ein tanke meir røyksmak, og er ikkje like grundig filtrert. Det gir ein rikare og djupare smak etter mi meining. Salt, torv og sitrus! Blir litt kraftig før mat, og drep smakssansen i eit par timer.

Dalwhinnhie er fin før-mat whisky. Til forskjell fra Laphroaig drep den ikkje smakssansen dei neste to timane, og den er også lettare å drikke. Anbefalast som begynnerwhisky, i motsetning til Laphroaig som er for dei viderekomne.

Oban er ein anna fin whisky. Ein del meir røyksmak enn Dalwhinnie, og litt mørkare. Rimelig ok whisky som går an å drikke. Ikkje ein favoritt.

Lagavulin er ein annan Islay-malt, på samme måte som Laphroaig. Dei to liknar ein god del, med Lagavulin som den mildaste. Svært god whisky det også, som det fint går an å drikke ein del av.

Chivas Regal - einaste kombinerte malt/grain-whiskyen eg har sansen for. Fin begynnerwhisky, som er relativt billig, og som også går an å drikke ein del av utan å bli lei av.

Jura er ein rimelig god, og er den einaste whiskyen frå Jura. Litt kjemisk lukt, men god på smak. Middels mykje røyksmak, og grei whisky etter ein middag, eller til ein god sigar.

Felles for alle er at du får fram røyksmaken ved å tilsette et par dråpar vatn i whiskyen. Ikkje så mykje at du vatner ut, bare ein tanke for å framheve smaken.

Et par eg ikkje liker, men som er populære...
Desse har eg ikkje lyst til å skrive kommentar om, ettersom eg ikkje har veldig mykje sansen for dei, men dei er såpass populære at dei er verdt å prøve.
  • Glenfiddich
  • Famous Grouse - faktisk rimelig ok, men...
  • Bowmore
  • Johnnie Walker
Sist endret av vidarlo; 25. juli 2007 kl. 00:22.