View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Supermegafon Vis innlegg
hvis det gjelder å gjøre disse til bindende avstemninger, er jeg helt for.
når en viss % av innbyggerne har signert.
Vis hele sitatet...
Problemet er at det er trivielt å utforme mange motstridande folkeavstemminger som alle vil få positivt resultat. Det er t.d. svært få som faktisk liker bompenger. Folk godtek dei som eit nødvendig onde, fordi dei t.d. gir mindre køer, mindre trafikk og pengar til vegutbygging. Difor vil det ikkje overraske meg om det isolert sett er fleirtal for å avskaffe dei.

Det vil heller ikkje forundre meg om det er fleirtal for å bygge ut meir veg. Så presto. Finansierina fjerna, og fordyrande tiltak gjennomført. Bindande folkeavstemming. Kva no?

I tillegg risikerer du eit mindretalstyrrani, der engasjement og evna til å skape det i realiteten avgjer saker. Det fører til at svake grupper i samfunnet fort vil tape. For kor mange vil vel eigentleg bruke pengar på å bemanne sprøyterom? Men utan sprøyterom vil gjerne kriminaliteten auke, noko som vil koste samfunnet meir? Kanskje vil helsebudsjettet overta? Vert det formidla av dei som vil fjerne sprøyterommet?