Tråd: rÆma 1000
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av OnklD Vis innlegg
Må være fint å ha så mye penger at det koster mer enn det smaker å få 1-2% på alt du handler (ikke bare topp 10), når det tar to-fire sekunder ekstra i kassen. Personlig bruker jeg tiden medarbeideren skanner inn varene på å registrere koden fra kortet/telefonen.
Vis hele sitatet...
Mtp. at nordmenn bruker 10-11% av inntekta på mat så er det strengt tatt relativt lite penger. Om du bruker 4000,- i månaden på mat så sparer du ein hundrelapp i månaden på det - og du gir vekk verdifull informasjon om dine handlevaner som du får i retur i form av tilbod. Butikkane gir deg ikkje rabatt for å vere snille - dei antar dei tener på det.

Informasjonen kan potensielt røpe relativt mykje om oss, og eg er ikkje komfortabel med å gje frå meg den informasjonen. Om eg vil spare ein hundrings i måneden så er det trivielt å gjere på mange andre måter som ikkje utfordrer personvernet så fundamentalt, og for langt dei fleste er ein hundrelapp i månaden noko som går under radaren.

(Om Target-historia er sann? Eg tviler nesten på at den er hundre prosent sann. Men samtidig tviler eg ikkje spesielt mykje på at handlemønster kan avsløre såpass mykje om oss at det er plausibelt at Big Data kan finne ut av slike samanhengar.)

Coop er vel dei som har komt lengst med det, med personlege tilbod, og det er jo det Rema prøver på med Æ.