View Single Post
Spesiell
Sterol91's Avatar
Trådstarter
Sitat av vidarlo Vis innlegg
Ja, det er ulovleg. Og å bruke skøyteleidning med broten jord er å jukse det til.

https://lovdata.no/dokument/SF/forsk...998-11-06-1060
FEL §21:

Jording er slik beskyttelse, som hindrer faren for støt ved å sikre at chassis og omgivelser er på samme spenningsnivå, samt ved jordfeilbryter kutte straumen.

Dobbeltisolering eller isolasjonstrafo er andre tiltak. Men ja, det er brot på forskrift om elektriske lavspenningsanlegg å bruke eit anlegg med broten jord.

Kven er ansvarleg? Du.


Eg trur ikkje du har forstått poenget med jording. Så la oss forklare det.

Her er ekspempel med jorda chassis:

Ved ein feil er chassiset spenningsførande. Men det er og jorda. Det fører til at spenningsskilnaden på chassis og jord er gitt av U=R*I, der R er resistansen tilbake til jordingspunktet, og I er jordstraumen. Resistansen er liten, og spenninga relativt låg. I eit IT-nett vil og feilstraumen vere låg, på grunn av høg impedanse i jordpunktet. Resultatet er ei spenning på under 50V, og du kan berøre chassis uten fare for liv og helse.

Om jordleiar er broten, vil chassiset ha fasespenning. I IT-nett vil det vere 130V. Når du er jorda, ved å t.d. stå på eit betonggolv, vil feilstraumen gå gjennom deg, med 130V spenning. Det er potensielt dødeleg.

Eit sentralt poeng her er at alt skal ha samme potensiale - alt du kan ta i skal ha jordpotensiale.

Elles risikerer du at jordfeil i drillen fører til at du får full fasespenning når du samtidig kjem i kontakt med byggvarmeren din (to samtidige feil).

I tillegg kan det nevnast at i TN/TT vil sikringen gå om du få full jordslutning, mens i eit IT-anlegg kan anlegget vere i drit med ein jordfeil.

Eg vil og sitere eit rimeleg ferskt (februar 2016) døme på kva manglande jording kan gi av skader:

https://www.dsb.no/globalassets/doku...gasinet/88.pdf
Det er ein type ulykker som skjer.


Kort sagt - det er så hinsides idiotisk å bruke apparat med jordfeil, og å omgå det med viten og vilje medfører straffeansvar.
Vis hele sitatet...
Tusen takk for ett utrolig bra svar, Skal se om jeg kan finne ut hva som gjør at den slår ut. hvis ikke går den på søpla.