View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Store delar er jo dekt . Ernæring i gym, heimekunnskap og naturfag. Økonomi i matematikken. CV og jobbsøknad i norsken.

Ting som å betale fakturaer i nettbank? Er det så himla stort poeng i å lære folk? Interface varierer jo grovt mellom nettbanker, og nettbankane greier å lære folk det sjølv. Samme med sjølvmeldinga; den er ikkje ein heksekunst å fylle ut, og dei aller fleste treng ikkje fylle den ut heller; sjølv har eg ikkje endra mi på eit par år.

Eg er freista til å påstå at svært mykje av det du etterlyser alt er i skuleverket, i ulike fag. Og andre delar er rimeleg lett å tileigne seg på eiga hand om ein har grunnkunnskapen, som matematikk og tekstforståelse.