Tråd: Rasister
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av bennnern Vis innlegg
Informasjon om gjennomsnittet til grupper brukes av forsikringsselskaper hele tiden for å forutsi hvordan enkeltpersoner oppfører seg i fremtiden med stort hell.
Vis hele sitatet...
Nei.

Forsikringsselskap bryr seg om snittet. Dei vil at dei i snitt skal tene pengar på kundane. Om dei taper på enkeltkunder er litt underordna, så lenge dei i snitt tener. Det viktige er mao. snittet av gruppa, ikkje individet.

Om du derimot har ein person foran deg på jobbintervju, gir du faen i gruppa. Du bryr deg om det individet du skal tilsettje. At gruppa i snitt kun har ungdomsskuleutdanning er irrelevant om vedkommande foran deg har PhD.

Fenomenet heiter store tals lov. Litt forenkla: om du kaster mynt og krone ein gong, får du enten mynt eller krone. Det er tilfeldig, og du kan ikkje forutsjå resultatet. Gjer du det ti ganger, kan du utmerka vel få 90% mynt.

Om du derimot kaster mynt 1000 gongar, kan vi sei at du med svært stor sannsynlegheit vil få nær 50% mynt og 50% krone.