View Single Post
Berre eit lite innspel til dei som stemmar FRP på grunn av individet sin rett til å styre seg sjølv:

Eg vil sei at friheit er når alle kan gjere det dei sjølv ynskjer, utan at pengar skal begrense vala deira. Kan nokon då forklare meg kvifor FRP er det einaste partiet som vil avvikle statens lånekasse?

http://www.aftenposten.no/nyheter/ir...cle2971396.ece

I staden for at alle studentar kan skaffe seg eit rimeleg lån, og fullføre ynskja utdanning, så vil FRP at private bankar skal lage profitt av oss studentar. Kva slags bank vil gje vekk lån til ein ungdom utan nokon som helst garanti for at den ungdommen fullfører utdanninga, og betalar tilbake lånet? Vil til dømes foreldra si inntekt spele inn på vurderinga til bankane? Vil bankane i det heile tatt gå med på ordninga?

Eg har ofte problem med å sjå korleis FRP talar individet si sak.