View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Men har du undersøkt det kritisk? Har kvinnfolk så mykje makt? Samfunnet er fortsatt i stor grad mannsdominert, og det er vanlegare at kvinnfolka tek seg permisjonar for å ta seg av ungar, enn at mannfolka gjer det - noko som fører til delar av inntektsgapet. Menn dominerer i styreromma, og menn har fortsatt betre inntekt.

Det du lenker til er innhald med ein klar agenda. Det er konservativ politikk, som ønsker samfunnet tilbake til gode, gamle stereotype kjønnsrollemønster. Det er ikkje spesielt etteretteleg eller rasjonelt materiale. Det er ei kampanje.

Det ser du tydeleg gjennom bruken they vs. us:
They hate the very idea that a boy might act in accordance with an inborn masculine proclivity. They hate the idea that a boy might learn to be tough and resilient at the expense of a vulnerability (weakness) because it contradicts the equalist belief set.
Vis hele sitatet...
They er altså då alle lærarar og establishementet sin kamp mot menn og maskulinitet. Oss er altså då alle menn som er maskuline. Dei kjem med biologisk argumentasjon for det, utan å vise til ei einaste kjelde, utover å komme med påstanden.

Kort sagt ville eg ikkje tatt det for god fisk.

Samtidig har eg sett deg klage i ein del tråder over at du har for dårleg inntekt - sjølv om du objektivt sett har ei god inntekt. Det teiknar seg inn som ein del av eit mønster; du er oppgitt over at du opplever å ha dårleg inntekt, og dette passer inn i den forteljinga: du (din maskulinitet) er undertrykt av den feministiske staten - som fører til at du ikkje får realisert ditt potensiale.

Difor framstår bodskapet som fornuftig for deg...