View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av hemmeligegreier Vis innlegg
Identitetstyveri er likevel ikke greit. Det er faktisk ganske alvorlig.
Vis hele sitatet...
Kjære vene. Det er stor skilnad på identitetstjuveri i vinnings hensikt eller liknande, og det som skjedde her. Det som skjedde her var altså at kontoen til ein annan person vart nytta til å sende ut ei åpenbart falsk melding.

Straffebodet for det er gjerne alvorleg, men handlinga er ikkje spesielt alvorleg, gitt at det var såpass åpenbart at det var ei falsk melding. Det var og ei eingongshending.

Forøvrig er jo identitetstjuveri akkurat så alvorleg at politiet legg vekk saker der det er gjort i vinnings hensikt over ein lav sko.
Sitat av hemmeligegreier Vis innlegg
Nå må du lese det jeg skriver. Når det snakkes om "omdømme" så er det ikke fordi det var sikkerhetsproblemer. Det er ikke på grunn av avdekking av sikkerhetsproblemer gutten har fått reaksjon, men på grunn av identitetstyveri og ulovlig besittelse av brukernavn/passord.
Vis hele sitatet...
For å sitere NRK:
Sitat av https://www.nrk.no/hordaland/politiet-straffar-skuleeleven-som-varsla_-_-han-skada-kommunen-sitt-omdomme-1.14503575
At politiet meiner vår son skal bera ansvaret for kommunen sit tap av omdømme, er urimeleg. Me vil ikkje at dette er noko som skal hefta ved hans namn i politiet sine arkiv, seier mora, som NRK anonymiserer av omsyn til guten.
Vis hele sitatet...
Omdømmetapet sto Bergen Kommune for heilt sjølv, ved å opptre på ein hårreisande idiotisk måte. For å rekapitulere hendelsesforløpet:
  1. Bergen Kommune lager ei liste over brukernavn og passord
  2. Bergen kommune legg ut fila på ein fileshare tilgjenegeleg for alle, inkludert elevar i Bergen.
Det står litt meir her.

Det tilsvarer omlag at du prøvde https://freak.no/admin, og fekk opp ei liste over brukarnavn og passord til crew. Du varsler nso om det, i PM, men nso reagerer ikkje. Du meiner det er problematisk, og vel difor å logge inn som nso, og legge ut ein tråd om at sikkerheta stinker.

Det er faktisk det einaste ansvarlege å gjere i ein slik situasjon! Hugs at vi faktisk har lovverk som vernar varslarar i arbeidsforhold.

Guten forsøkte å varsle, og det fungerte ikkje. Eit hakket tydlegare varsel er å demonstrere det! Og det var det som måtte til før Bergen kommune rydda opp i sitt eige sikkerhetshol.

Så kan du sitte der og messe om at det er alvorleg krimanlitet og alt anna, men faktum er at eit meir eller mindre unisont sikkerhetsmiljø i Noreg meiner det var rett, om enn dumt, å gjere det!

Dei einaste som er ueinige er politiet!

Heilt ærleg framstår det som du er totalt blotta for evne til å sjå at politiet kan handle feil. Her har jo til og med politiet gått ut og orsaka ordlyden. Dei har sjølv innsett at dei har gjort ein feil. Men du forsvarer dei i utgangspunktet.

Så beklager for at eg konkluderer med at det ikkje er poeng i å diskutere politiet med deg. Men all erfaring tilseier at du er meir katolsk enn paven, når det kjem til det temaet.