View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av daffe Vis innlegg
Hvis en elektrikker har satt opp dette så kan du bruke jorda/ujorda akkurat som du vil. Så lenge stikk kotnakten kan dyttes inn i kontakten på veggen så er alt i orden.
Vis hele sitatet...
Nei, elektrikarar gjer feil, og det finst mange rare installasjoner der ute.

Litt grovt sagt finst det tre typar apparat: Jorda, ujorda og dobbeltisolert.

Dobbeltisolerte apparat har flat euro-plugg eller rund med cut-outs for jordpinnane. Det er minst to isolasjonsbarrierer mellom deg og spenning, f.eks. ytre kapsling av plast og indre kapsling av plast. Enkelt feil vil altså ikkje spenningssette noko du kan komme i kontakt med. Dei kan brukast i jorda og ujorda kontakt.

Ujorda apparat har ikkje jord, og er ikkje dobbeltisolert. Dvs. at enkelt feil kan føre til at appratet blir spenningssett. Mange lamper er i denne kategorien. Dei skal aldri brukast slik at du kan komme i berøring med jorda apparat eller andre jordkjelder (betonggolv, vannrør, etc).

Jorda apparat har jordleiar og jorda støpsel. Dei kan brukast både i jorda og ujorda støpsel. Ved bruk i ujorda støpsel er apparatet å regne for ujorda, og forsiktighetsreglane er som for ujorda apparat.

Det er og viktig å ikkje strekke skøyteledning på tvers av rom - nettopp for å unngå slik problematikk. Du bør heller ikkje bruke ujorda skøyteledning utandørs - med mindre du har dobbeltisolerte apparat - fordi jord er... vel... jord.

Du har døme på folk som har krepert på grunn av jordfeil. T.d. døde ein industriarbeider som brukte vinkelsliper inne i eit rør. Apparatet var dobbeltisolert, men hadde åpenbart to feil. Det førte til straumgjennomgang og dødsfall. Det er eit par år sidan, men det viser at det er greit å ha kunnskap om utstyret en bruker...
Sist endret av vidarlo; 16. oktober 2017 kl. 08:24.